Jazz-fusion

(Omdirigert frå Jazzrock)

Fusion, jazz-fusion eller jazzrock er ein musikksjanger som blandar jazz med element frå andre musikkstilar, hovudsakleg funk, rock, R&B, ska, elektronisk og verdsmusikk, men òg pop, klassisk og folkemusikk, eller stundom til og med metal, reggae, country, hip hop og meir. Fusionalbum kan ha mange stilartar innanfor same album.

Seint i 1960-åra byrja jazzmusikarar å blande formene og improvisasjonsteknikkane i jazz med elektriske instrument frå rock og rytmar frå soul og rhythm and blues. Samstundes byrja enkelte rockeartistar å leggja til element av jazz i musikken sin. I 1970-åra oppstod mange blandingar, men stilen vert framleis mykje nytta i dag. I staden for å sjå på musikkstilen som kodifisert, kan ein sjå på sjangeren som ein musikalsk tradisjon eller tilnærming. Noko progressiv rock vert stundom rekna som fusion.[1]

Fusion er ofte instrumental med kompliserte tidsangivingar, taktartar og rytmiske mønster, og songane kan ofte vere lange med mykje improvisasjon. Mange kjende fusion-artistar er kjende som særs dyktige musikarar med kompliserte komposisjonar og improvisasjonar i taktartar som sjeldan vert nytta i andre vestlege musikkformer. Jazzartistane Michal Urbaniak, Dave Brubeck og Don Ellis er nokre av desse.

Fusion er med komplekse former, ofte mangel på vokal og ofte lange songar lite radiovenleg og vert derfor lite spelt på radio.

Opphav endre

 
Miles Davis ved Nice jazzfestival i 1989.

Trompetisten og komponisten Miles Davis hadde stor innverknad på utviklinga av jazz-fusion. Han starta karrieren sin på plate i 1946 som ein del av bandet til Charlie Parker, og mellom 1949 og 1962 spelte han inn mange plater i sine eigne band og var med på å gjere fleire jazzsjangrar populære, særleg cool jazz, hard bop og modaljazz. Av kjende musikarar som har medverka i Davis sine band finn ein Sonny Rollins, John Coltrane, Cannonball Adderley, Bill Evans og Hank Mobley.

I 1963 forsvann det siste medlemet av Davis sin orignale kvintett, bassisten Paul Chambers, som vart danna i 1955. Davis måtte byggje eit nytt band frå starten av og mot slutten av året hadde han sett i stand eit band med saksofonisten George Coleman, pianist Herbie Hancock, bassist Ron Carter og trommeslagar Tony Williams. Wayne Shorter erstatta Coleman i 1964 og denne kvintetten varte til tidleg 1968. Bandet spelte inn fire studioalbum, E.S.P. i 1965, Miles Smiles i 1966 og Sorcerer og Nefertiti i 1967. Albumet Miles in the Sky frå 1968 er det første albumet av Davis der han nyttar elektriske instrument med Hancock og Carter på elektrisk piano og bassgitar, og med George Bensoneletrisk gitar på «Paraphernalia». Davis utforska dei elektriske instrumenta vidare på albumet Filles de Kilimanjaro som òg kom i 1968 med pianisten Chick Corea og bassisten Dave Holland for Hancock og Carter.

I 1969 gav Davis ut eit heil-elektrisk jazzalbum kalla In a Silent Way, som kan reknast som det første fusion-albumet til Davis. Det bestod av berre to lange musikkstykke, eit på kvar side av plata. Denne rolege, statiske plata fekk òg innverknad på utviklinga av musikkstilen ambient. Albumet inneheldt musikarar som seinare danna sine eigne grupper på 1970-talet og utvikla fusion-stilen vidare, som Shorter, Hancock, Corea, pianisten Josef Zawinul, gitarist John McLaughlin, Holland og Williams. Williams forlet Davis og danna sitt eige fusionband og like etter spelte Davis inn albumet Bitches Brew i løpet av tre dagar i 1970. Her var òg andre musikarar med som Bennie Maupinbassklarinett, Larry Young på elektrisk piano, Harvey Brooks på bassgitar og perkusjonistane Lenny White, Jack DeJohnette, Don Alias og Juma Santos. Bitches Brew forlet tradisjonell jazz til fordel for ein improvisasjonsstil som låg nærare rock med vekt på etterslaget.

1970-åra endre

 
Return to Forever (1976)
 
Brasilianske Naná Vasconcelos, som her speler berimbau, har mellom anna spelt mykje jazz-fusion.

Mykje av fusion på 1970-talet vart framført av artistar som hadde spelt i lag med Davis, inkludert The Tony Williams Lifetime, Weather Report, The Mahavishnu Orchestra, Return to Forever og Herbie Hancock sitt Headhunters-band. I tillegg til Davis og musikarane som arbeida med han var andre viktige artistar i tidleg fusion Larry Coryell og Billy Cobham med albumet hans Spectrum.

Herbie Hancock heldt først fram ned same vegen som Miles Davis med eksperimentelle fusionalbum som Crossings i 1972, men like etter vart han ein viktig bidragsytar til utviklinga av «jazz-funk» med albuma Head Hunters i 1973 og Thrust i 1974. Seinare i 1970- og tidleg i 1980-åra vart Hancock meir kommersiell, men spelte òg inn akustiske jazzplater. Hancock var ein av dei første jazzmusikarane som nytta synthesizerar.

I starten var Weather Report eit avantgarde, eksperimentelt fusionband, men vart etter kvart noko meir kommersielle som med Joe Zawinul sin song «Birdland». Weather Report sin musikk var òg påverka av forskjellige stilar frå latinsk og afrikansk musikk og medverka til ein tidleg fusionvariant med verdsmusikk. Jaco Pastorius, ein innovativ bassist, vart med i gruppa i 1976 på albumet Black Market. Albumet Heavy Weather er ein bestseljar innan denne sjangeren.

I England vart jazz-fusion-rørsla leia av Nucleus, leia av Ian Carr med Karl Jenkins og John Marshall, som begge seinare vart med i jazzrock-bandet Soft Machine. Dei vart anerkjend som førande aktørar innan musikkstilen som fekk namnet Canterbury scene. Andre engelske band som spelte jazzrock var Blood, Sweat & Tears og Chicago.

Chick Corea danna bandet Return to Forever i 1972. Bandet starta med latinsk influert musikk med brasilianarane Flora Purim på vokal og Airto Moreira på perkusjon, men frå 1973 drog dei i retning av jazz-rock. Trommeslagar var Lenny White, som òg hadde spelt med Miles Davis, og Stanley Clarke spelte bass. Gitaristen Al Di Meola, som starta karrieren sin i Return to Forever i 1974, vart rakst ein av dei viktigaste fusiongitaristane. Han var av dei første gitaristane som nytta ein såkalla «shred»-stil som seinare vart nytta mykje i rock og heavy metal.

John McLaughlin danna fusionbandet Mahavishnu Orchestra med trommeslagar Billy Cobham, fiolinist Jerry Goodman, bassist Rick Laird og keyboardist Jan Hammer. Hammer nytta Minimoog-synthesizerar med forvrengt lyd som høyrdest meir ut som ein elektrisk gitar. Stilen til Mahavishnu Orchestra var påverka av både psykedelisk rock og klassisk indisk musikk.

McLaughlin arbeida og med latinorock-gitaristen Carlos Santana tidleg i 1970-åra. Santana blanda latinsk salsa, rock, blues og jazz, og musikken var basert på Santana sine reine gitartonar med latinske instrument som timbales og congatrommer.

Andre viktige musikarar som dukka opp i fusion-rørsla på 1970-talet var fusiongitarist Larry Coryell med bandet The Eleventh House og gitaristen Pat Metheny. The Pat Metheny Group, som vart grunnlagd i 1977 nådde både jazz- og poplistene med det andre albumet sitt, American Garage (1980). Sjølv om mange jazzartistar kritiserte fursionrørsla for å bruke stilar frå rock og elektriske instrument, nytta sjølv jazzveteranar som Buddy Rich, Maynard Ferguson og Dexter Gordon etter kvart element frå fusion.

Sjangeren vart populær i Japan på slutten av 1970-talet med band som Casiopea i 1976 og T-Square i 1978.

1980-åra endre

Tidleg i 1980-åra vart mykje av den opphavlege fusionsjangeren ein del av andre greiner av jazz og rock, særleg smooth jazz. Blandinga av jazz og pop/rock tok ei meir kommersiell vending seint på 1970-talet og tidleg i 1980-åra med glattare komposisjonar som høvde betre for radioformatet.

Artistar som Lee Ritenour, Al Jarreau, Kenny G, Bob James og David Sanborn var leiande innan poporientert fusion. Denne sjangeren vert som oftast kalla smooth jazz, som mange jazz- og jazz-fusion-tilhengjarar mislikte fordi han mangla improvisasjonen som hadde dominert jazzstilane i tidlegare år og heller la seg på eit meir kommersielt og radiovenleg lydbilete.

Særleg Kenny G har vorte kritisert av både fusion- og jazztilhengjarar og nokre av musikarane frå desse sjangrane, og han manglar gløden og kreativiteten som markerte fusion på 1970-talet.[2]

Jazz-fusion har vorte kritiserte av både tilhengjarar av tradisjonell jazz, som føretrekkjer meir streit jazz, og av smooth jazz-tilhengjarar, som føretrekkjer meir «tilgjengeleg» musikk. Dette kan samanliknast med måten swing-jazz-tilhengjarar kritiserte be-bop på midten av 1940-åra. Fusion har derimot vore med på bryte ned grensene mellom jazz og rock, og ført til utviklinga av sjangrar som elektronisk basert acid jazz.

Nyare fusion endre

 
Richard Bona er ein kamerunsk musikar som har spelt jazz-fusion, world-fusion og ethno-jazz.

Eit av dei mest prominente fusionbanda frå 1990-talet er Tribal Tech, leia av gitarist Scott Henderson og bassist Gary Willis. Henderson var medlem av Corea og Zawinul sine band seint på 1980-talet. Henderson har òg spelt med trommeslagar Steve Smith frå Vital Information, som òg inkluderte bassist Victor Wooten frå Bela Fleck and the Flecktones.

Allan Holdsworth er ein gitarist som spelar både rock og fusion og andre kjende gitaristar som Eddie Van Halen, Steve Vai og Yngwie Malmsteen har òg laga fusionmusikk. Holdsworth har arbeida med trommeslagarane Chad Wackerman, Vinnie Colaiuta og Gary Husband, som òg har gjeve ut eigne fusionalbum under sine eigne namn. Ein annan tidlegare Soft Machine-gitarist, Andy Summers frå The Police, gav ut fleire fusionalbum tidleg på 1990-talet.

Kjelder endre

  1. GEPR.net, arkivert frå originalen 1. august 2014, henta 10. september 2008 
  2. George Graham review - Available online at: http://webcache.googleusercontent.com/search?q=cache:5Z0ukGXTz54J:georgegraham.com/reviews/methgrp.html

Bakgrunnsstoff endre