Ekstra tung råolje og bitumen
Ekstra tung råolje og bitumen er tungtflytande petroleum (råolje) som finst naturleg i porøse bergartar, oljesand eller tjæresand. API-graviteten på slik petroleum er under 10 grader og har viskositet over 10 000 centipoise.
Ein reknar at verdas største førekomstar av ekstra tung råolje ligg i Orinocobeltet i Venezuela og i Alberta, Canada.
Kjelder
endre- «Ressursrapport2007.pdf» (PDF). Oljedirektoratet. Augsut 2007. s. 28 / 68. Arkivert frå originalen (PDF) 28. november 2010. Henta 15. november 2010.