Ekstrusiv (av latin, «å drive ut») syner til danninga av vulkanske bergartar ved at varm magma frå det indre av jorda strøymer ut (ekstruderer) ut til jordoverflata som lava eller eksploderer valdsamt ut i jordatmosfæren før det fell ned att som pyroklastiske bergartar eller tuff. Dette står i kontrast til intrusiv danning av bergartar, der magma ikkje når overflata.

Hovudeffekten av ekstrusjonen er at magmen kan avkjølast raskare i friluft eller i sjøvatn, og krystalla har lita tid på seg til å vekse. Ofte vil ein gjenverande del av matriksen ikkje krystalliserast i det heile, og vert i staden naturleg glas eller obsidiani som fyller mellomromma.

Om magmaen inneheld flyktige bestanddelar , som vert frigjort som fri gass, så kan han avkjølast med store eller små blører, slik som i pimpstein, vulkansk slagg eller vesikulær basalt.

Kjelder endre