Pimpstein (det første leddet kjem frå eit latinsk ord nærskyld «skum») er ein dagbergart forma som eit sterkt blærete, skumaktig vulkansk glas. Han vert danna ved at gassar har strøymd ut under strøkninga av sur (rhyolittisk) lava. Blæreromma opptek ein så stor del av volumet at pimpstein flyt på vatn. Fargen er vanlegvis lysegrå.

Pimpstein frå vulkanen TeideTenerife.

Pimpstein blir ofte kasta ut av vulkanar i form av større eller mindre rundaktige bitar som pimpsteinslapilli eller cinder, og kan danne utstrakte og mektige tuffavleiringar som pimpsteinstuff eller trass. Den øvste delen av meir basiske lavastraumar er òg ofte oppblæra til ein slags pimpstein kalla scoria, medan den lågare delen består av meir kompakt lava.

Pimpstein vert nytta som slipemiddel og i pulverform som tilsetning til skurepulver og såpe.

Kjelder endre