El Cid
Rodrigo Díaz de Vivar (1044–10. juli 1099) død i Valencia, kjend som El Cid Campeador, var ein spansk adelsmann som er kjend for å ha tatt Valencia frå maurarane etter å ha blitt forvist frå Spania av kong Alfonso.
El Cid | |
Statsborgarskap | Kongedømet Castilla |
Fødd | ca. 1048 Vivar del Cid |
Død | |
Yrke | riddar, leigesoldat, militær, politikar, militær leiar |
Språk | spansk |
Far | Diego Flaínez |
Mor | Doña Rodríguez |
Ektefelle | Jimena Díaz |
El Cid på Commons |
Etter den vellykka omleiringa gjorde han Valencia til hovudsete i sitt nye kongerike. Tilnamnet «El Cid» var maurisk for 'mektig herre' og «El Campeador», som han fekk av dei kristne tilhengarane sine, tyder 'sigerherre'. El Cid døydde som ein umåteleg rik mann og har blitt ein spansk nasjonalhelt.