Ein leigesoldat er ein soldat som gjer teneste for militærapparat i andre land enn sitt eige for pengar. Leigesoldatar er som regel ikkje rekna som stridande og har ikkje rett til å bli tekne som krigsfangar etter internasjonal folkerett.

Gurkhaer i Irak. Gurkhaer er leigesoldatar, men er del av ordna militær og har status som stridande.

Ifølgje Genèvekonvensjonane vert ein leigesoldat definert slik:

Ein leigesoldat er ein person som:

(a) er særskilt rekruttert lokalt eller utanlands for å kjempe i ein væpna konflikt;
(b) tek, faktisk, del i denne konflikten;
(c) er motivert til å ta del i konflikten først og fremst for personleg forteneste, som faktisk er lova av, eller på vegne av ein part i konflikten, …;
(d) er ikkje av nasjonalitet til ein av partane, ei heller bur i eit område under kontroll av ein part i konflikten;
(e) er ikkje ein medlem av dei væpna styrkane av ein av partane i konflikten; og
(f) har ikkje vorte sendt av ein stat som ikkje er del av konflikten på offisielt oppdrag for den staten.

Historie endre

 
Væringar var ei form for leigesoldatar i Konstantinopel.

Leigesoldatar har vore nytta sidan tidleg organisert krigføring kom til. Dei blei først mindre vanlege frå 1600- og 1700-talet, då mange land utvikla ståande hærar basert på verving eller verneplikt frå si eiga befolkning.

Romarriket nytta i aukande grad leigesoldatar gjennom historia si. Særleg kjende er væringane i Austromarriket frå 900- til 1300-talet. Dei nytta også iberiske almogovarar som etter å ha kjempa for riket vende om og herja austromerske område.

Etter Hundreårskrigen (1337–1453) hadde Europa mange trente soldatar utan arbeid. Desse kunne ta teneste hjå fyrstar i ulike statar. Slike soldatar hadde ofte ord på seg for å vera råe, grådige og ulojale, noko som ofte kunne ha samanheng med at dei ikkje blei betalte. Godt disiplinerte og betalte leigesoldatar kunne få godt rykte, slik til dømes Sveitsergarden har overlevd fram til våre dagar.

Før-revolusjonære Frankrike hadde fleire utanlandske styrkar, som dei sveitsiske Cent Suisses og Gardes Suisse, eller Régiment Royal-Suédois som hovudsakleg tilsette svenskar. Den franske framandlegionen for utanlandske soldatar blei skipa i 1831, og er framleis verksam. Saman med gurkhaer, nepalske soldatar som kan tena i den britiske og i den indiske hæren, er framandlegionen del av den nasjonale militærstyrken og er dermed rekna som stridande.

I nyare tid har leigesoldatar særleg blitt kjend for å delta i konfliktar i tidlegare koloniar, som i Den demokratiske republikken Kongo like etter sjølvstendet i 1960, militærkuppet på Komorane i 1978, og kuppforsøket i Ekvatorial-Guinea i 2004.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Leigesoldat
  Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.