El Greco Original Motion Picture Soundtrack
El Greco Original Motion Picture Soundtrack Filmmusikkalbum av Vangelis | ||
Utgjeve | 20. desember 2007 | |
Innspelt | 2007 | |
Sjanger | Filmmusikk | |
Selskap | Universal Music Hellas | |
Produsent | Vangelis | |
Vangelis-kronologi | ||
---|---|---|
Blade Runner Trilogy, 25th Anniversary (2007) |
El Greco Original Motion Picture Soundtrack | Świadectwo (2008) |
El Greco Original Motion Picture Soundtrack er eit album med musikken for filmen El Greco, laga av den greske musikaren Vangelis, og gjeve ut i Hellas og Kypros på Universal Music Hellas. Filmen, som var regissert av Yannis Smaragdis, følgjer livet til den greske målaren, Doménicos Theotokópoulos, når han reiser til Italia og Spania, der han vert kjend som El Greco (Grekaren). Vangelis hadde tidlegare samarbeidd med Yannis Smaragdis i 1996 på ein film om den greske diktaren Konstantin P. Kavafis.
Albumet gjekk til topps på den greske albumlista og låg der i tre veker.
Dette er ikkje det første prosjektet om El Greco som Vangelis var involvert i. I 1995 gav han ut albumet Foros Timis Ston Greco i eit avgrensa opplag på 3000 signerte eksemplar. Tre år seinare vart det same albumet, med tre songar i tillegg, gjeve ut som El Greco.
InnhaldEndra
All musikk er komponert av Vangelis, utanom der anna er nemnt.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Part 1» | 3:59 |
2. | «Part 2» | 1:56 |
3. | «Part 3» | 4:20 |
4. | «Part 4» | 2:26 |
5. | «Part 5» (Tradisjonell folkesong frå Khania på Kreta) | 3:06 |
6. | «Part 6» | 2:05 |
7. | «Part 7» | 1:30 |
8. | «Part 8» (komponert og framført av Psarantonis) | 1:56 |
9. | «Part 9» | 1:00 |
10. | «Part 10» | 1:51 |
11. | «Part 11» (skriven og framført av Loudovicos Ton Anogion) | 2:50 |
12. | «Part 12» | 4:56 |
13. | «Part 13» | 2:36 |
14. | «Part 14» | 1:06 |
15. | «Part 15» | 2:40 |
16. | «Part 16» | 2:46 |
17. | «Part 17» | 2:28 |
18. | «Part 18» | 3:16 |
MedverkandeEndra
- All musikk er arrangert og produsert av Vangelis.
- På Spor 5 syng koret Kritikes Madares frå Kreta.
- Stemme: Koret til gresk radio og fjernsyn.
- Lydteknikar: Frederick Rousseau
- Assisternade lydteknikar: Vangelis Saitis
- Plateomslag: Stathis Zalidis