Elara er eit namn frå den greske myteverda. Elara var anten dottera til kong Orkhómenos, eller ganske enkelt ei kvinne frå bystaten Orkhómenos på øya Euboia (gresk Évvoia). Jupitermånen Elara har fått namn etter henne.

Soga fortel at Elara var ei av dei mange menneskekvinnene som Zevs blei kjær i. Som vanleg måtte guden skjula sidespranget sitt frå kona Hera, og han gøymde Elara djupt nede i jorda. Her fødde ho ein son, Tityas. Ein annan og eldre historie går ut på at Tityas var sonen til jordgudinna Gaia, og desse er gått saman slik at både Elara og Gaia var rekna som Tityas sine mødre.