Gaia (eller Ge) er i følgje gammal gresk mytologi jorda og ei gudinne i eitt og er opphavet til alt. Av borna hennar er Uranos (himmelen), Okeanos (havstraumen) og Pontos (havet). Ho er òg synsk og fungerte som orakel i Delfi før sonen til Zevs, Apollon tok over.

Arabisk måleri av Gaia frå kring 730

Med son sin Uranos fekk Gaia titanane, kyklopane og dei hundrearma. Då Uranos kasta kyklopane ned i Tartaros, gav Gaia den eldste sonen, Kronos, ein sigd. Med denne skar han av testiklane til Uranos og kasta dei i havet. I det blodige skummet oppstod Afrodite.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.