Ein bystat er eit område som er kontrollert av ein by, og som kan vera ein eigen stat, eller ha høg grad av sjølvstende. I tillegg til sjølve byen kan det vera eit område kring, der det vert drive mellom anna landbruk.

Bystaten Firenze. Tresnitt frå Weltchronik av Hartmann Schedel (Nürnberg 1493)

Bystatar var vanlege i antikken, og mange bystatar utvikla seg til å verta store verdsrike, som til dømes Roma og Mykene. I mellomalderen var bystatar særleg knytt til dei italienske og tyske handelsbyane, til dømes Firenze og Genova i Italia og Hansabyane i Tyskland. Vatikanet, San Marino, Singapore og Monaco er døme på bystatar som framleis er sjølvstendige.

Bakgrunnen for bymurar blir sett i samanheng med oppblomstringa av bystatane. Murane var lenge ugjennomtrengelege for dei angripande hærane som då måtte omleire byen i staden.

For å komme seg inn og ut av av murane måtte ein passere gjennom ein byport.

Historie endre

Blant tidlege kjende bystatar, var den sumeriske byen Ur.

Sjå òg endre