Eldar Heide (fødd i 1966 i USA) er ein norsk filolog.

Eldar Heide
Fødd1966
NasjonalitetNoreg
Områdenordistikk
Yrkeforfattar, filolog, lingvist
Alma materUniversitetet i Bergen

Eldar Heide har magistergrad i norrøn filolog, og han tok i 2006 doktorgraden (dr.art.) ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Gand, seid og åndevind.[1]

Eldar Heide er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.[2] Han har hatt ulike stillingar ved Høgskulen i Bergen frå 2014.[3]

Eldar Heide var sekretær for Statens namnekonsulentar for norske stadnamn i Nord-Noreg 1998-2002 og sit i Klagenemnda for stadnamnsaker frå mai 2020.[4]

I september 2022 starta Heide podkasten Tru og meining i gammal tid.[5]

Publikasjonar

endre

Sjå publikasjonsliste[6]

  • 2018: The Literary Re-Use of Myths in Þorsteins þáttr bǿjarmagns: A Key Elf Queen Legend and Another Twist on the Twist. I Daniel Sävborg & Karen Bek-Pedersen (red.): Supernatural Encounters in Old Norse Literature and Tradition. Borders, Boundaries, Landscapes 1. Turnhout: Brepols. 215-37.
  • 2018: Áns saga bogsveigis – A Counterfactual Egils saga and yet another Twist on the Myth of Þórr’s Visit to Útgarða-Loki. Edda. 147-61.
  • 2017: Det norske språkmangfaldet og opplæringa i norsk som andrespråk. Norsklæreren 3-2017. 16-27.
  • 2017: Noregr tyder nok vegen mot nord, likevel. Namn og nemne 2016. 13-37.
  • 2015: Hǫrgr in Norwegian names of mountains and other natural features. Namn og Nemne 2014. 7-51.
  • 2014: Møte i døra. Tyranni, rett og sjølvbedrag i Egilssoga – og tvitydige situasjonar i islendingsogene. 7-40.
  • 2014: The early Viking ship types. Sjøfartshistorisk årbok 2012. 81-153.
  • 2014: Contradictory cosmology in Old Norse myth and religion – but still a system? Maal og minne. 102-43.
  • 2012: Loki, the Vätte, and the Ash Lad: A Study Combining Old Scandinavian and Late Material. Viking and Medieval Scandinavia 7 (2011), 63–106.
  • 2010: Tjukk l – Retroflektert tydeleggjering av kort kvantitet. Om kvalitetskløyvinga av det gamle kvantitetssystemet. Maal og minne 3-44.
  • 2009: More inroads to pre-Christian notions, after all? The potential of late evidence. Á austrvega. Saga and East Scandinavia. Preprint Papers of The 14th International Saga Conference. Uppsala, 9th–15th August 2009. 361-68.
  • 2006: Spinning seiðr. In Anders Andrén et. al. (red.): Old Norse religion in long-term perspectives. Origins, changes, and interactions. An international conference in Lund, Sweden, June 3-7, 2004. Vägar till Midgård 8. Lund: Nordic Academic Press. 164-70.
  • 2006: Gand, seid og åndevind. Avhandling til graden dr. art, Universitetet i Bergen.
  • 2005: Víking – ’rower shifting’? An etymological contribution. Arkiv för nordisk filologi. 41-54.

Kjelder

endre
  1. «Heide, Eldar, Trolldom og sjelsførestellingar i eldre tid, dr.art., disputas: 01.09.2006». www.uib.no. Arkivert frå originalen 3. oktober 2017. Henta 2. oktober 2017. 
  2. «Eldar Heide - Høgskulen på Vestlandet». Henta 30. mai 2019. 
  3. «About Eldar», Eldar Heide på nettet / Eldar Heide's website, henta 25. oktober 2022 
  4. https://språkrådet.no/globalassets/sprakarbeid/stedsnavn/klagenemnda/12_6_2020.pdf
  5. Tru og meining i gammal tid • A podcast on Anchor, henta 17. januar 2023 
  6. Eldar Heide på nettet / Eldar Heide's website: Viktigaste arbeid / Major works [1]

Bakgrunnsstoff

endre