Elde
Elde er ei elv i Mecklenburg-Vorpommern og Brandenburg nord i Tyskland og ei av sideelvane til Löcknitz frå høgre med ei lengd på 220 km. Ho har sitt utspring nær Altenhof, sør for Malchow. Ho renn først søraustover mot den sørlege enden av innsjøen Müritz, som ho renn uti ved Vipperow. Ho renn ut av Müritz i nord, nær Waren. Elva snur så vestover og renn gjennom ei rekkje vatn og gjennom byen Malchow fram til Plauer See. Ho renn ut av Plauer See ved Plau am See og held fram vest- og sørvestover gjennom Lübz, Parchim, Neustadt-Glewe og Grabow. Elde munnar ut i Löcknitz (som igjen er ei sideelv til Elbe) i Eldenburg, ein del av Lenzen. Det meste av lengda hennar (180 km) er framkommeleg.
Elde | |||
elv | |||
Løftebru over Elde i Plau am See
| |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 990 km² | ||
Lengd | 220 km | ||
Middelvassføring | 11 m³/s | ||
Kjelde | Nær Altenhof | ||
• høgd | 82 moh. | ||
Munning | Löcknitz | ||
• høgd | 13 moh. | ||
Elde 53°21′32″N 12°22′29″E / 53.35896°N 12.37477°E | |||
Wikimedia Commons: Elde |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Elde» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2007.