Müritz

Müritz er ein innsjø i Mecklenburg-Vorpommern nord i Tyskland. Han har eit areal på 117 km² og er med det den nest største innsjøen i Tyskland (etter Bodensjøen). Innsjøen vart danna under den siste istida og på det djupaste er Müritz 31 meter. Elva Elde renn gjennom innsjøen. Delar av Müritz og dei nærliggande skogane og våtmarksområda er ein del av Müritz nasjonalpark. Landkreis Müritz er kalla opp etter innsjøen.

Müritz
innsjø
Mueritz.jpg
Nær Zielow
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Innsjøtype Mesotroft vatn
Tilsig Elde
Utløp Elde
Høgd over havet 62 moh.
Areal 117 km²
Middeldjupn m
Største djupn 31 m
Koordinatar 53°25′N 12°41′EKoordinatar: 53°25′N 12°41′E
Byar Waren, Röbel

Müritz
53°25′0″ N 12°40′0″ E
Wikimedia Commons: Müritz

Namnet til innsjøen kjem frå det slaviske ordet morcze, som tyder «lite hav».

Den største byen ved innsjøen er Waren.

KjeldeEndra