Eldre innsikter om fonologi

Eldre innsikter om fonologi. Trass i at fonologien som sjølvstendig lingvistisk disiplin knapt kan sporast lenger attende enn til 1870-talet og Lingvistskulen i Kazan', har fleire grunnleggjande idear i fonologien vore kjende og diskuterte langt attende i historia, i fleire delar av verda.

Pāṇini endre

Stor innverknad på moderne fonologi har den indiske grammatikaren Pāṇini (devanāgarī: पाणिनि, IPA: [pɑːɳɪn̻ɪ]) (4. eller 5. hundreåret f. Kr.) hatt, gjennom verket Aṣṭādhyāyī (devanāgari अष्टाध्यायी) 'Dei åtte kapitla'. Her finst ein analyse av morfologien, morfofonologien og fonologien i sanskrit gjennom eit sett med maksimalt økonomisk formulerte og ordna reglar. Indiske grammatikarar hadde alt på denne tida dessutan avanserte kunnskapar i fonetikk.

Den fyrste grammatiske avhandlinga endre

Eit viktig verk er Den fyrste grammatiske avhandlinga (islandsk: Fyrsta málfræðiritgerðin), eit islandsk verk frå midten av 1100-talet. Forfattaren nyttar ein påfallande «moderne» fonologisk tankegang for å etablere ei «fonemisk» basert rettskriving for islandsk.[1]

Fotnotar endre

  1. Hreinn Benediktsson (ed.) 1972. The first grammatical treatise: introduction, text, notes, translation, vocabulary, facsimiles. (Publications in linguistics / University of Iceland). Reykjavík: Institute of Nordic linguistics. Den fyrste grammatiske avhandlinga finst på normalisert norrønt her: http://etext.old.no/gramm/ og på moderne islandsk her: http://wayback.vefsafn.is/wayback/20070502201929/malvis.hi.is/grein.php?id=77 og her: http://imf.hi.is/grein.php?id=77.