Eldre steinalder

Eldre steinalder er namnet ein har gjeve til den første delen av steinalderen. Dette tidsrommet blir også kalla paleolitikum eller paleolittisk tid. Denne perioden fann stad under dei geologiske epokane pleistocen og holocen.

Øks frå acheuléen under eldre steinalder, funnen i Spania.

I europeisk samanheng er tidsrommet vidare delt inn i tre hovudperiodar—tidleg, mellom og sein eldre steinalder.

Frå den tidlege delen kjenner me reiskapstradisjonane oldowan (eller abbevillien i Europa) og acheuléen, der ein hakka til skarpe eggar på steinar. Clactonien, tilpassingar av steinen til skaft, og levalloisien, der ein hakka spissar ut av ein heil stein, kjem også frå denne perioden.

Under mellomperioden vidareutvikla ein denne flekkekulturen til mousterien og tayacien. Den sistnemnde typen er funne saman med moderne menneske, medan mousterien er knytt til neandertalarar.

I sein eldre steinalder laga ein spesialiserte reiskapar frå steinar som var blitt førebudde. Ein fann opp nål og tråd, skinnklede, harpun og spydkastar og tilpassa fiskeutstyr.

Eldre steinalder i NoregEndra

Innan steinalderen i Noreg reknar ein tida frå 10.000 år før vår tidsrekning fram til 4000 f.Kr. som eldre steinalder. Tida blir igjen delt inn i desse fasane:

  • Fosna- og Komsafasen (10 000–8000 f.Kr.)
  • Tørkopfasen (8000–7000 f.Kr.)
  • Nøstvetfasen (7000–4800 f.Kr.)
  • Tverrpilfasen (4800–4000 f.Kr.)

KjelderEndra

  • «Stone Age», Encyclopaedia Britannica (Encyclopædia Britannica Online), 2009