Neandertalarar
Neandertalarar viser til ei gruppe menneskeapar i slekta Homo som levde i Europa og Vest-Asia frå rundt 200 000 år sidan, fram til dei forsvann frå Asia for rundt 50 000 og frå Europa for rundt 30 000 år sidan.
Neandertalar | |
Neandertalar | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av neandertalar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primatar Primates |
Familie: | Hominidae |
Slekt: | Homo |
Art: | †Neandertalar H. neanderthalensis |
Vitskapleg namn | |
Homo neanderthalensis |
I kroppsbygnad likna neandertalarar ganske mykje på moderne menneske, men skilde seg særleg frå dei i utforminga av kraniet. Modellar tyder på at dei hadde ein hjerne som var like stor eller større enn den til moderne menneske. Etter dei funna som er gjort var menn rundt 165–168 cm og kvinner rundt 152–156 cm, omtrent same høgd som moderne menneske i samtida si. Dei var truleg sterkare enn moderne menneske, særleg i armar og hender, og tettbygde, noko som truleg gjorde dei betre tilpassa kulde. Neandertalarar åt variert dyrekost frå dyr dei jakta på eller sanka, men særs lite plantekost.
Neandertalarane blei gradvis erstatta av moderne menneske (Homo sapiens). Det er framleis ikkje heilt klart om neandertalane kan kallast ein eigen art, Homo neanderthalensis, eller ein underart nærare i slekt med mennesket, Homo sapiens neanderthalensis, noko som ville innebera at dei to mennesketypane kunne få avkom saman. Det har også vore ei rekkje spekulasjonar rundt utdøydinga deira — om moderne menneske ganske enkelt utkonkurrerte neandertalarane, om dei døydde ut av seg sjølv ettersom klimaet blei varmare, eller om det var konfliktar mellom gruppene.
Oppdaging
endreDei første neandertalarskallane blei funne i Engis i Belgia i 1829 og i Forbes' Quarry på Gibraltar i 1848. Det første større funnet, Neanderthal 1, blei gjort i den vesttyske dalen Neanderthal i 1856, tre år før Darwin gav ut Origin of Species. Funnet omfatta 16 knoklar og knokkeldelar: Toppen av ein skalle, to lårbein, eit tarmbein, tre bein frå høgrearmen og to frå den venstre, delar av eit skulderblad og ribbein.
Rekonstruksjonar
endre-
Ei tidleg skisse av korleis ein tenkte seg ein neandertalarmann, frå 1888.
-
Moderne rekonstruksjon av neandertalbarn etter eit funn på Gibraltar. (Frå Universitetet i Zürich)
Kjelder
endre- Tattersall I, Schwartz JH (June 1999). «Hominids and hybrids: the place of Neanderthals in human evolution». Proceedings of the National Academy of Sciences 96 (13): 7117–9. PMC 33580. PMID 10377375. doi:10.1073/pnas.96.13.7117.
- Richards MP, Pettitt PB, Trinkaus E, Smith FH, Paunović M, Karavanić I (June 2000). «Neanderthal diet at Vindija and Neanderthal predation: the evidence from stable isotopes». Proceedings of the National Academy of Sciences 97 (13): 7663–6. PMC 16602. PMID 10852955. doi:10.1073/pnas.120178997.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Neandertalere» frå Wikipedia på bokmål, og «Neanderthals» frå Wikipedia på engelsk den 27. oktober 2009.
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
endre- Jensen, Peter K. A. : Menneskets oprindelse og udvikling, 2005
- Dawkins, Richard: The Ancestor's Tale (A Pilgrimage to the Dawn of Life), 2004