Acheuléen er ein av dei tidlege kulturane i eldre steinalder. Han tok til for rundt 1,7 millionar år sidan og varte til ca. 250 000 år før notida. Kulturen er namnsett etter funnstaden Saint-Acheul ved Amiens nordvest i Frankrike.

Acheuléen-handøks funne i Sainte-Gabelle.

Acheuléen er rekna som den andre fasen av kjernekulturane i tidleg eldre steinalder. Han følgde oldowan og blei avløyst av clactonien. Funn med små lokale variasjonar er gjort i store område av Afrika, Vest- og Sør-Asia og Mellom- og Sør-Europa. Reiskapar frå denne kulturen blei truleg laga av begge dei tidlege mennesketypane Homo erectus og Homo heidelbergensis.

Oval handøks frå Saint Acheul.

Ei oval handøks er den karakteristiske reiskapen for denne perioden. Denne typen øks er gjennomgåande flatare og betre tilhogd enn tidlegare. Dei fleste funna omfattar også mindre reiskapar, som skraparar, spissar og knivar laga av avslåtte og retusjerte flintskiver. Dette viser at flekketeknikken også var i bruk i acheuléen.

Kulturen blei oppdaga av Jacques Boucher de Crèvecoeur de Perthes på 1830-talet, då han undersøkte avsetningar frå elva Somme. Funna frå acheuléen viste at menneske hadde levd i Europa mykje tidlegare enn ein før hadde trudd.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Acheuléen