Eleanor Patterson

Eleanor Patterson (fødd 22. mai 1996) er ein australsk friidrettsutøvar som tevlar i høgdehopp. Ho vart i 2022 verdsmeister i øvinga, året etter vann ho sølvmedaljen i verdsmeisterskapen.

Eleanor Patterson


Statsborgarskap Australia
Fødd 22. mai 1996 (27 år)
Leongatha
Idrett friidrett
Tok del i

Ungdoms-VM i friidrett 2013, Samveldeleikane 2014, Sommar-OL 2016, Sommar-OL 2020, VM i friidrett innendørs 2022 – Høydehopp kvinner, VM i friidrett 2022 – Høydehopp kvinner

Aktiv endre

I 1994 gjekk Patterson til topps i samveldeleikane med eit hopp på 1,94 meter. Året etter enda ho på åttandeplass i verdsmeisterskapen i Beijing, deretter rauk ho ut i kvalifiseringa under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro. I 2020 sette Patterson australsk rekord med 1,99 meter i eit stemne i New Zealand. Under dei olympiske leikane i Tokyo gav 1,96 meter henne ein femteplass. I mars 2022 tok ho seg over 2,00 meter og vart nummer 2 ved innandørs-VM i Beograd. Fire månadar seinare forbetra ho den australske rekorden til 2,02 meter då ho kneip gullmedaljen ved VM i friidrett 2022 i Eugene, framom Jaroslava Mahutsjikh. Eitt år etter sikra Patterson seg sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i Budapest.

Kjelder endre