Elektronisk fotlenke

Elektronisk fotlenke er ei elektronisk kontrollinnretning som ein person dømd for eit brotsverk kan bera kring ankelen i samband med soninga av straffa si. Føremålet er å kontrollera at den dømde oppheld seg i fastsette avgrensa geografisk område til fastsette tider. Hovudregelen er at den dømde skal halde seg i sin eigen heim når ikkje anna er fastsett på førehand. Fotlenka er i kontakt med ein mottakar som kriminalomsorga installerer i heimen, og registrerer kvar den dømde befinn seg. Heile døgnet vert det sendt signal vidare til ein sentral mottakar. Ein alarm vil utløysast om fotlenka vert fjerna frå ankelen eller øydelagd.

Elektronisk fotlenke
Elektronisk fotlenke

Straff i Noreg endre

Straffegjennomføring med fotlenke (elektronisk kontroll) er ei form for soning av straff som tillèt den dømde å vere ute i samfunnet og gjere sine sosiale og økonomiske plikter medan straffa vert sona. Medan soninga med elektronisk kontroll går føre seg, må den dømde vere i arbeid, gå på skule, studere e.l. Når den dømde ikkje er på arbeid, studerer eller liknande skal han vere heime.

I Noreg kan soningsforma brukast for å sone fengselsstraff på inntil fire månader, eller når det er fire månader til den dømde kan prøvelauslatast frå fengsel.

Kjelder endre