Elektroskop (av elektro- og gresk «sjå, undersøkja») er eit instrument til å påvise elektrisk spenning. Eit instrument som måler spenninga kvantitativt vert kalla eit elektrometer.

Gullbladelektroskop som syner elektrostatisk induksjon.

Gullbladelektroskopet består av to strimlar av bladgull eller aluminiumfolie opphengt inntil kvarandre på ei isolert leiande stong og ført inn i ein flaske for å hindre luftstraumar. Når gullblada blir elektrisk ladd, støyter dei frå kvarandre og spriker. Gullbladelektroskopet kan nyttast til å påvise spenningar på nokre hundre volt.

Alessandro Volta kombinerte gullbladelektroskopet med ein platekondensator og fekk då eit kondensatorelektroskop. Dette vart ladd opp med ei lita spenning når platene var sett tett inntil kvarandre. Viss platene så vart fjerna frå kvarandre, steig spenninga så mykje at blada gjorde utslag fordi kapasitansen vart mindre.

Kjelder endre

elektroskop. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/elektroskop