Elektrostatisk utlading

(Omdirigert frå Elektrostatisk utladning)

Ei elektrostatisk utlading er ein brå elektrisk straum som strøymer mellom to lekamar med forskjellig elektrisk potensial. Ofte vert han forkorta til ESD (eletrostatic discharge). Uttrykket vert nytta innan elektronikk og andre industriar for å skildre kortvarige uønskte straumar som kan øydeleggje elektronisk utstyr.

Årsak endre

Ei av årsakene til elektrostatiske utladingar er statisk elektrisitet. Statisk elektrisitet oppstår ofte gjennom friksjonslading, der to stoff først er i kontakt med kvarandre og så vert fråskild i lag med dei elektriske ladningane sine. Slik friksjonslading kan oppstå når ein t.d. går på eit teppe, stig ut av ein bil eller fjernar visse typar plastinnpakkingar. I desse tilfella skapar friksjonen mellom dei to stoffa friksjonslading, og dermed forskjellig elektrisk potensial som kan skape ein elektrostatisk utlading.

Ei anna årsak til elektrostatisk utladingar er elektrostatisk induksjon. Dette skjer når ein elektrisk lada lekam kjem nær ein elektrisk leiande lekam som er isolert frå bakken. Den lada lekamen skapar eit elektrostatisk felt som fører til elektrisk ladingar på overflata av den andre lekamen.Sjølv om netto elektrostatisk lading ikkje har endra seg, men berre er omfordelt, har ein no område med positive og negative ladingar. Ein elektrostatisk utlading kan oppstå om desse to lekamane kjem i kontakt.

Typar endre

Den mest spektakulære forma for elektrostatisk utlading er ein gneiste, som oppstår når eit kraftig elektrisk felt skapar ein ionisert elektrisk leiande kanal i lufta. Dette kan føre til ubehag hos folk, vere svært øydeleggjande for elektronisk utstyr og føre til brann og eksplosjonar viss lufta inneheld brannfarlege gassar eller partiklar. Mange elektrostatiske utladingar oppstår derimot utan gneistar ein kan sjå eller høyre.

Kanskje det mest kjende dømet på ein naturleg gneiste er eit lyn. I dette tilfellet er potensialskilnaden mellom ei sky og bakken, eller mellom to skyer, og er typisk på fleire hundre millionar volt. Straumen som strøymer gjennom den ioniserte lufta skapar ein eksplosiv utlading av energi.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre