Elektroteknikk er den del av fysikken som omhandlar elektrisitet og magnetisme. Omgrepet elektroteknikk vert nytta som eit samlande omgrep for fagfelta strekstraum og krinsteori, medan fagfeltet elektronikk femnar om aktive krinsar, analog signalhandsaming, ol.

Grensene mellom elektroteknikk og elektronikk er noko flytande og nokre gongar vert elektroteknikk nytta som eit samlande omgrep som òg inkluderer fagfeltet elektronikk. Men i Noreg er det meir vanleg å nytta elektro, eller elektrofag i denne samanhengen. Grensene varierer òg noko frå land til land. Elektrofag vert òg nytta om alt som handlar om elektrisitet og magnetisme. Namnet på organisasjonen Institute of Electrical and Electronics Engineers (IEEE) er eit døme på tradisjonen med å skilja mellom sterkstraums/høgspennings elektroteknikk og lågspenning/småsignal elektronikk. Ved norske høgskular og universitet vert elektroteknikk nytta om grunnleggande krinsteori.

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.