Opna hovudmenyen

Elephant Spit er ei 9 km lang sandtunge ved austenden av den subantarktisk Heardøya i det australske territoriet Heard- og McDonaldøyane, som ligg i SørishavetKerguelenplatået kring 450 km søraust for Kerguelen. Namnet syner til sørleg elefantsel, òg kalla sjøelefantar, som ynglar i store mengder på Heardøya og som danna grunnlaget for kommersiell selfangst etter olje her på 1800-talet.

Elephant Spit
platå
Sea-Elephant Fishery 1 ter.jpg
Slakting og handsaming av elefantsel med landtunga til venstre - sett frå nordaust - 1800-talet
Land Flag of Australia.svg Australia
Stad Heardøya
 - koordinatar 53°5′S 73°48′E
Kart over Heardøya som syner Elephant Spit i austenden (til høgre).
Kart over Heardøya som syner Elephant Spit i austenden (til høgre).

SkildringEndra

Elephant Spit er langt, tynn, rett og kjenneleg, og gjev øya den særeigne forma sett frå høgda. Ho grensar til Spit Bay i nord og vest og er forma av sediment frå glasial erosjon frå vulkansk material etter utbrot frå Big Ben som har gjort sjøbotnen søraust for øya relativt grunn.[1]

Heardøya er isolert, ikkje busett og sjeldan vitja. Då øya vart vitja i 2002 og 2003 av forskarar frå Australian Antarctic Division, var landtunga intakt. Men etter ei vitjing seint i 2008 låg delar av landtunga under vatn og ho hadde vorte ei 2 km lang øy.[2]

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. «Geomorphology: Why Heard Island looks like it does...». Department of Sustainability, Environment, Water, Population and Cummunities, Australia. Henta 5. mars 2014. 
  2. «Rare visit to remote Southern Ocean territory finds changes». Department of Sustainability, Environment, Water, Population and Cummunities, Australia. 15. januar 2009. Henta 5. mars 2014.