Elgå er ei bygd i Engerdal kommune i Innlandet. Ho ligg ved austbreidda av Femunden, 45 kilometer nord for kommunesenteret Engerdal (61 km køyrelengd). Elgå er endepunkt for fylkesveg 221, og om sommaren den sørlegaste anløpsstaden for rutebåten MS «Fæmund II». Bygda er utgangspunkt for fotturisme i Femundsmarka nasjonalpark.

Ved bryggeområdet på Elgå

KjelderEndra

LitteraturEndra

Koordinatar: 62°10′00″N 11°56′30″E