Engerdal kommune
Engerdal er ein kommune i Østerdalen i Innlandet fylke. I sør grensar han til Trysil kommune, i vest til Rendalen kommune, i nord til Os, Tolga og Røros kommunar og i aust til Sverige (Idre og Särna sokn i Dalarna og Tännäs sokn i Härjedalen)
Engerdal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Engerdal | ||
Areal | 2 197 km² | ||
• land | 1 921 km² | ||
• vatn | 276 km² | ||
Folketal | 1 361 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Line Storsnes (Samlingslista) | ||
Kommunenr. | 3425 | ||
Engerdal kommune 61°53′00″N 12°02′00″E / 61.883333333333°N 12.033333333333°E | |||
Kart som viser Engerdal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Engerdal | |||
Nettstad: www.engerdal.kommune.no |
Kommunen har ingen eigentlege tettstader, og busetjingsstrukturen er prega av store avstandar og spreidd busetnad. Dei største grendene er Engerdal, som er administrasjonssenter, og Drevsjø. Andre grender i kommunen er Engerdalssætra, Elvdal, Femundsundet, Hylleråsen, Heggeriset, Sømådalen og Elgå.
Næringsliv
endreNæringslivet er prega av primærnæringar (jordbruk, skogbruk og ferskvassfiske), men òg turisme har dei seinare åra fått større vekt. I Engerdal finst også Noregs sørlegaste samiske reindrift, og reinen kan ofte sjåast i den nørdre halva av kommunen.
Kommunens største, årlege hending er Engerdalsdagene. Arrangementet har blitt gjennomført første helga i august kvart år sidan 1985, og har hatt omtrent 15 000 vitjarar dei siste åra. I tillegg blir Sportsfiskefestivalen arrangert i Elvdal den første helga i juli kvart år.
Geografi
endreInnan kommunegrensene ligg største delen av innsjøen Femunden, heile Gutulia nasjonalpark og rundt halvparten av Femundsmarka nasjonalpark.
Klima
endreEngerdal har innlandsklima med relativt lite nedbør, kalde vintrar, relativt varme somrar og betydelege forskjellar mellom dag- og nattetemperaturen om sommaren. Kommune innehar kulderekorden for Hedmark fylke: På Drevsjø blei det målt −47,0 grader 10. januar 1987.[1]
Historie
endreEngerdal sokn og kommune blei skipa først i 1911. Før det var området splitta på fleire av naboane.
Drevsjø kapell blei vigsla i 1848, og i 1870 blei det vedtatt at det skulle tilsettast ein hjelpeprest for «fjelldistriktene av Trysil, Rendalen og Røros prestegjeld». Samstundes blei det ved vedtatt å bygge Engerdal kapell (vigsla i 1873) i og Elgå kapell (vigsla i 1879).[2] På Nymoen blei Søre Elvdal kapell vigsla i 1885.
I 1910 blei det vedtatt at kapelldistrikta året etter skulle frådelast for å saman danna eit sokn og ein kommune med 1 184 innbyggjarar og namnet Engerdal. Dei aktuelle områda var:
- Hylleråsen og Heggeriset krins av Trysil sokn og kommune (Hylleråsen, Heggeriset og Lillebo), 291 innbyggjarar.
- Engerdalen og Elvdalen krins av Ytre Rendal sokn og kommune (Engerdal, Slettmoen, Engerdalssætra, Husfloen, Snerta og Elvsætra), 311 innbyggjarar.
- Drevsjø krins av Øvre Rendal sokn og kommune (Femundsenden, Drevsjø, Kvilten, Risbakken, Gløtvola, Femundsundet, Galten, Sømå, Buvika), 381 innbyggjarar.
- søre del av Øversjødalen og Sømådalen krins av Os sokn og Tolga kommune (Langsjøen og Gjota), 167 innbyggjarar.
- Elgå krins av Røros sokn og Tolga kommune (Sorken, Sømå, Jonasvoll og Femundshytta), 34 innbyggjarar.
Storparten av området høyrde til Nord-Østerdal, unntatt Trysil-gardane som høyrde til Sør-Østerdal, men ved skipinga av Engerdal i 1911 blei det heilt og halde lagt til Nord-Østerdal. Engerdal sokn blei i 1922 overflytta til Sør-Østerdal prosti, men Engerdal kommune høyrer den dag i dag til Nord-Østerdal domssogn.
Kjende engerdøler
endre- Egil Andersen Hylleraas, fysikar
- Erik Søgård, skiløpar
- Gjermund Eggen, skiløpar
- Jo Eggen, skiløpar
- Sylvia Brustad, politikar
- Ola D. Gløtvold, tidlegare stortingsrepresentant
Referansar
endre- ↑ Værviggo, arkivert frå originalen 6. desember 2008, henta 27. november 2013
- ↑ Dis-Norge