Elias Gustaf Adolf Wessén (15. april 188930. januar 1981) var ein svensk språkforskar. Han var medlem av Svenska Akademien frå 1947 og fram til han døydde (stol nummer 16).[1]

Elias Wessén

Statsborgarskap Sverige
Fødd 15. april 1889
Linderås, Linderås församling
Død

30. januar 1981 (91 år)
Västerled

Yrke lingvist, universitetslærar, filolog, runologist, skribent
Språk svensk
Medlem av Svenska Akademien, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Far Karl Gustaf Wessén
Mor Lydia Dorotea Matilda Wessén
Elias Wessén på Commons

Wessén var professor i nordiske språk ved Stockholms högskola frå 1928 til 1947 og tok initiativ til danninga av Svenska språknämnden i 1944.[2] Den etymologiske ordboka Våra ord, deras uttal och ursprung (1961) blir rekna som ein klassikar. Han skreiv òg trebandsverket Svensk språkhistoria, ein konsis Isländsk grammatik og svenske grammatikkar berekna på dansk- og norskspråklige.

I tillegg til medlemskapet sitt i Svenska Akademien, var han medlem av Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien.[1] Han vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1956.[2]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Wessén, Elias» (på svensk). Svenska Akademien. Henta 3. oktober 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Elias Wessén». Store norske leksikon. Henta 3. oktober 2016.