Eliminasjonsprosess

For metoden for å løyse lineære likningssystem med algoritmar, sjå Gaussisk eliminasjon.
For mysterieforteljinga med Nancy Drew og The Hardy Boys av Carolyn Keene, sjå Process of Elimination.

Ein eliminasjonsprosess er ein metode for å identifisere ei eining av interesse blant fleire andre ved å utelukke alle dei andre einingane.

I eksamenar endre

I eksamenar og fleirvalsoppgåver er eliminasjonsprosess ein metode for å fjerne alternativ der sannsynet for at eit val er korrekt er tilnærma lik eller lik null. Ein treng ei viss mengd av flaks, men det er fullstendig vilkårleg når det står mellom to val.

Metode endre

Eliminasjonsprosessen er iterativ. Ein ser gjennom svara, identifiserer «upassande» svar, eliminerer desse og startar om att, heilt til ein ikkje kan eliminere fleire svar. Denne iterasjonen virkar best når det finst ein logisk struktur mellom svara — altså at når ein fjernar éitt svar så kan ein følgeleg fjerne fleire andre. Ein står att med dei svara som ikkje kan eliminerast ved å eliminere dei andre svara, og testar desse — dei andre vert eliminerte som ein logisk konsekvens. Dette er prinsippet i optimerte datasøk, der inndata vert sortert, som til dømes ved binærsøk.

Bruksmåte endre

Her er to spørsmål av liknande sort, for å demonstrere korleis taktikken kan brukast. I den fyrste vil eliminasjonen finne fram til svaret nesten beinveges — viss ein veit korleis ein skal gå fram; i den andre er det ingen rundvegar — ein må prøve alle svara.

På kven av dei følgjande kan ein dela talet 2135 på: 2, 3, 4, 15 eller 7? Sidan (sjå delingsregel for ei oppfrisking) 2135 ikkje kan delast på 2, så kan det heller ikkje delast på 4; sidan 2 + 1 + 3 + 5 = 11 og ikkje kan delast på 3, så kan det heller ikkje delast på 15. Då står ein att med 7, og 305 x 7 vert 2135.

Merk at viss ein hadde hatt eit nummer som var deleleg på 2, men ikkje på 4 eller 7, så ville testinga av 2 ha gjeve svaret med det same. Det er alltid verdt å teste dei tala som ved utelukking eliminerer andre moglegheitar, for så lenge det berre er éitt svar, så treng ein ikkje å teste desse i det heile; i kraft så innlemmar ein all den informasjonen som finst mellom svara og minskar dimed mengda av reknestykket.

På kven av dei følgjande er talet over deleleg: 2, 3, 7, 11 eller 13? Alle desse er primtal; å eliminere éitt av tala gjev ingen informasjon om dei andre. Ein må teste kvar av dei for å kome fram til svaret.

I medisin endre

Eliminasjonsprosessar kan brukast for å kome fram til ein eksklusjonsdiagnose.

Det er òg ein underliggande metode når ein skal utføre ein differensialdiagnose.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.