Opna hovudmenyen

Eliot Vassamillet (fødd 29. desember 2000 i Mons i Belgia), best kjend under artistnamnet Eliot, er ein belgisk songar og artist. Han vart nasjonalt kjent i 2018 då han deltok i The Voice Belgique, den belgiske utgåva av talentkonkurransen The Voice. Han skal representera Belgia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[1]

Eliot Vassamillet
ESC2019-Belgium.jpg
Fødd29. desember 2000
FødestadMons
OpphavBelgia
Aktiv2018–
Sjangerpop
Instrumentpiano, vokal
Verka somsongar

BakgrunnEndra

Vassamillet er oppvaksen i byen Mons, og er elev ved den vidaregåande skulen Collège Saint-Stanislas i same by. Vinteren 2018 vart han kjent i Belgia, då han deltok i den sjuande sesongen av The Voice Belgique. I talentkonkurransen fekk han plass i teamet til den franske songaren Slimane. Eliot vart slått ut av konkurransen i ellevte program i mars 2018.[2]

I januar 2019 kunngjorde den vallonsk-belgiske kringskastaren RTBF at Eliot skulle representera Belgia i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i mai 2019. Han skal framføra ein song skriven av Pierre Demoulin, frontfigur i den belgiske gruppa Roscoe og medskribent for songen «City Lights» med Blanche, Belgia si Eurovision-bidrag i 2017. Songen enda på ein fjerdeplass.[3]

ReferansarEndra

  1. «Eliot will voice Belgium’s Eurovision 2019 entry». eurovision.tv. Henta 18. januar 2019. 
  2. «Havré: fin de l’aventure The Voice pour Eliot». sudinfo.be (fransk). Henta 18. januar 2019. 
  3. Granger, Anthony (14. januar 2019). «Belgium: Eliot Vassamillet Selected By RTBF For Eurovision 2019». Eurovoix (engelsk). Henta 18. januar 2019.