Eurovision Song Contest 2019
Eurovision Song Contest 2019 (ESC 2019), offisielt 64. Eurovision Song Contest, var den 64. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart arrangert på International Convention Center i Tel Aviv i Israel, etter at Israel vann tevlinga i Eurovision Song Contest 2018. Semifinalane var 14. og 16. mai og finalen 18. mai.[1] Programleiarar for Eurovision Song Contest 2019 var Bar Refaeli, Erez Tal, Assi Azar og Lucy Ayoub.[2]
Eurovision Song Contest 2019 | ||||
---|---|---|---|---|
|
||||
Dato | ||||
Semifinale 1 | 14. mai 2019 | |||
Semifinale 2 | 16. mai 2019 | |||
Finalen | 18. mai 2019 | |||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Førtiein land deltok i Eurovision Song Contest 2019. Opphavleg var det førtito land som skulle deltake i tevlinga, men den 27. februar 2019 kom meldinga om at Ukraina hadde trekt seg frå tevlinga. Ukraina skulle ha deltake i den fyrste semifinalen.[3][4]
Etter ein røysteprosess basert på eit format med 50 prosent juryrøyster og 50 prosent telefonrøyster, vann Nederland tevlinga for femte gong, med «Arcade» av Duncan Laurence. Sverige vann juryrøystinga, med Nord-Makedonia på andre plass og Nederland på tredje plass. Noreg vann telefonrøystinga, med Nederland på andre plass og Italia på tredje plass. Dette var Nederland sin fyrste siger sidan 1975, då Teach-In vann med songen «Ding-a-dong».
Attendevendande artistar til tevlinga
endreSerhat representerte San Marino i Eurovision Song Contest i 2016 med låta «I Didn't Know», og enda på tolvteplass i den fyrste semifinalen.
Tamara Todevska representerte Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest i 2008 med låta «Let Me Love You», saman med rapparane Vrtsjak og Adrian. Dei enda på tiandeplass i den andre semifinalen.
Sergej Lazarev representerte Russland i Eurovision Song Contest i 2016 med låta «You Are The Only One», og enda på tredjeplass i finalen.
Joci Pápai representerte Ungarn i Eurovision Song Contest i 2017 med låta «Origo», og enda på åttandeplass i finalen.
Nevena Božović representerte Serbia i Junior Eurovision Song Contest i 2007, med låta «Piši mi», og enda på tredjeplass i finalen. Seks år seinare deltok ho i Eurovision Song Contest i 2013, som ein del av gruppa Moje 3, med låta «Ljubav je svuda». Dei enda på ellevteplass i den fyrste semifinalen.
Deltakande land
endreSemifinale 1
endreSytten land deltok i den fyrste semifinalen 14. mai. Eigentleg var det atten land som skulle ha deltake i semifinalen, men Ukraina trekte seg frå tevlinga.[4] Frankrike, Israel og Spania framførte sine bidrag og røysta i denne semifinalen.[5]
Semifinale 2
endreAtten land deltok i den andre semifinalen 16. mai. Sveits fekk tildelt plass i denne semifinalen etter ynskje frå den sveitsiske kringkastaren. Italia, Storbritannia og Tyskland framførte sine bidrag og røysta i denne semifinalen.[5]
Finalen
endreSjå òg
endreFotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Tel Aviv to host Eurovision 2019!» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 13. september 2018.
- ↑ 2,0 2,1 «Bar Refaeli, Erez Tal, Assi Azar & Lucy Ayoub to host Eurovision 2019!» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 13. september 2018.
- ↑ «42 countries to compete in Eurovision 2019» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 7. november 2018.
- ↑ 4,0 4,1 «Ukraine: UA:PBC withdraws from Eurovision 2019» (på engelsk). ESCToday.com. Henta 27. februar 2019.
- ↑ 5,0 5,1 «Eurovision 2019: Which country takes part in which Semi-Final?» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 28. januar 2019.
- ↑ 6,0 6,1 «Participants First Semifinal» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 8. mars 2019.
- ↑ 7,0 7,1 «Participants Second Semifinal» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 8. mars 2019.
- ↑ 8,0 8,1 «Participants Grand Final» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 8. mars 2019.
- ↑ «EBU issues statement on Eurovision 2019 Grand Final jury result». eurovision.tv. 22 May 2019. Arkivert frå originalen 23. mai 2019. Henta 22 May 2019.