Elise Hambro
Elise Hambro (27. august 1881–30. august 1966) var ei norsk kvinnesakskvinne og skuleleiar. Ho var dotter av Edvard Isak Hambro og Nicoline Christine Hambro.[1]
Elise Hambro | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. august 1881 Bergen kommune |
Død |
30. august 1966 (85 år) |
Yrke | lærar |
Far | Edvard Hambro |
Mor | Nico Hambro |
I 1921 blei Hambro utnemnd til styrar ved Ulrike Pihls pikeskole i Bergen,[2], og då styrarstillinga i 1926 blei gjord om til rektorat blei ho den fyrste kvinnelege rektoren i Noreg.[3][4] I 1942 blei ho avsett og erstatta av ein representant frå Nasjonal Samling.[5]
I likskap med mor si var Hambro aktiv i foreininga Norske Kvinners Nasjonalråd.[6] Ho deltok også i internasjonalt kvinnesaksarbeid.[7]
Kjelder
endre- ↑ «Hambros skole». Bergen byarkiv.
- ↑ Nilsen, Halkild (1948). Henriette Meyers skole - Ulrike Pihls skole. U. Pihls skole. s. 31.
- ↑ «Pedagoger som har satt spor etter seg». Utdanningsnytt. 17. februar 2003.
- ↑ «100 år med allmenn stemmerett for kvinner – høyere utdanning». Lovdata. 24. juni 2013.
- ↑ Skolene i Bergen under 2. verdenskrig. Bergen skolemuseums venner. 2012. s. 91. ISBN 9788290780291.
- ↑ Dakky Kiær. Universitetsforlaget. 1982. s. 141. ISBN 8200059782.
- ↑ «Report of the Third International Congress of Woman» (PDF). Women's International League for Peace and Freedom. s. 25.
- Denne artikkelen bygger på «Elise Hambro» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2024.