Eliteserien i handball 1975/76–Karar
Eliteserien i handball 1975/76 for karar var den øvste avdelinga i seriesystemet for karar, arrangert av Norges Håndballforbund.
Seriemeisterskapen omfatta for fyrste gong 12 lag og vart avvikla tida frå 14. september 1975 til 14. mars 1976.
Oppsal Idrettsforening frå Oslo vart seriemeister. Spelarar som utmerkte seg i Oppsal-mannskapet var Kristen Grislingaas, Geir Røse, Roger Hverven, Per Ringså og ikkje minst målvakta Pål Bye.
Poengtabell
endrePlass | Lag | Kampar | Målskår | Poeng |
1 | Oppsal IF | 22 | 453-281 | 41 |
2 | Refstad IL | 22 | 477-323 | 39 |
3 | Fredensborg | 22 | 449-346 | 36 |
4 | Bækkelaget SK | 22 | 421-398 | 28 |
5 | Njård | 22 | 371-386 | 21 |
6 | Elverum IL | 22 | 364-383 | 21 |
7 | Nordstrand IF | 22 | 395-432 | 19 |
8 | SK Arild | 22 | 392-431 | 18 |
9 | Kolbotn IL | 22 | 339-420 | 15 |
10 | IF Sturla | 22 | 360-447 | 12 |
11 | Kragerø IF | 22 | 363-414 | 10 |
12 | Stavanger IF | 22 | 301-414 | 14 |
Kjelder
endre- Sportsboken 76. Dreyerbok Stavanger. 1976.