Eliteserien i handball 1977/78–Karar
Eliteserien i handball 1977/78 for karar var den øvste avdelinga i seriesystemet for karar, arrangert av Norges Håndballforbund.
Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla tida frå 25. september 1977 til 12. februar 1978. Alle dei sju best plasserte laga var heimehøyrande i Stor-Oslo.
Oppsal Idrettsforening frå Oslo vart seriemeister. Kristen Grislingaas, Geir Røse og Allan Gjerde utmerkte seg i Oppsal-mannskapet, saman med målvakta Pål Bye.
Poengtabell
endrePlass | Lag | Kampar | Målskår | Poeng |
1 | Oppsal IF | 22 | 436-298 | 40 |
2 | Refstad IL | 22 | 422-299 | 38 |
3 | Fredensborg | 22 | 409-323 | 35 |
4 | Nordstrand IF | 22 | 413-328 | 29 |
5 | Fjellhammer IL | 22 | 401-359 | 22 |
6 | Bækkelaget SK | 22 | 366-413 | 18 |
7 | Stabæk IF | 22 | 317-367 | 18 |
8 | Stavanger IF | 22 | 346-399 | 15 |
9 | Kolbotn IL | 22 | 355-426 | 15 |
10 | Njård | 22 | 321-297 | 14 |
11 | IF Sturla | 22 | 367-457 | 11 |
12 | SK Rapp | 22 | 323-410 | 9 |
Kjelder
endre- Sportsboken 78-79. Dreyer Bok Stavanger. 1978.