Eliteserien i handball 1980/81–Kvinner
1. divisjon i handball 1980/81 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla tida frå 13. september 1980 til 1. mars 1981.
Skogn Idrettslag frå Nord-Trøndelag forsvarte seriemeistertittelen. Laget tapte den fyrste seriekampen, sidan sigra trønderkvinnene i samtlege seriekampar. Som året før var Marit Breivik og Sissel Brenne Buchholdt dei store framgrunnsfigurane i Skogn-laget. Gerd Bjørnaas, Annepetra Jenssen, Brit Marit Leine, Randi Eriksen og Eli Brenne bidrog sitt til ein suveren serietriumf.
Poengtabell
endrePlass | Lag | Kampar | Målskår | Poeng |
1 | Skogn IL | 22 | 342-242 | 42 |
2 | Skjeberg IF | 22 | 333-277 | 34 |
3 | Nordstrand IF | 22 | 303-270 | 30 |
4 | Sverresborg IF | 22 | 269-257 | 25 |
5 | Bækkelaget SK | 22 | 301-306 | 24 |
6 | Vestar | 22 | 295-245 | 22 |
7 | Kraby/Starum 73 | 22 | 268-280 | 22 |
8 | Brandval | 22 | 237-262 | 17 |
9 | Stabæk IF | 22 | 230-277 | 17 |
10 | Freidig | 22 | 259-318 | 12 |
11 | Kjelsås IL | 22 | 240-286 | 11 |
12 | Os Turnforening | 22 | 268-324 | 8 |
Kjelder
endre- Sportsboken 81-82. Dreyer Bok Stavanger. 1981.