Sissel Brenne Buchholdt

Sissel Karin Brenne Buchholdt (fødd 17. juni 1951) er ein norsk tidlegare idrettsutøvar frå Ronglan i Nord-Trøndelag. Ho vart nordisk meister i handball 1970 med Noreg. Brenne var i yngre år aktiv også i friidrett og vann NM-medalje i spjutkast både i 1972 og 1973.

Sissel Brenne Buchholdt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. juni 1951 (72 år)
Ronglan
Idrett handball, friidrett
Utmerkingar

Olavstatuetten

Handball endre

Sissel Brenne Buchholdt spelte i tida 1969-84 heile 188 landskampar og skåra 415 mål. Ho var ein rykkromspelar med ei framifrå skotarm som deltok i Handball-VM både i 1971, 1973, 1975 og 1982. I 1970 skåra ho seks av dei 56 måla då Noreg vann den nordiske meisterskapen på heimebane i Østfold. Brenne Buchholdt var Freidig-spelar i mange sesongar, seriemeister med Trondheims-laget i 1971 og 1985.

Friidrett endre

Brenne tok sølvmedaljen i spjutkasting under NM i friidrett 1972 og fekk bronsemedaljen i same øvinga ved noregsmeisterskapen året etter. Den 30. mai 1974 vart ho nummer to i eit nasjonalt stemne på Bislett stadion i Oslo, der ho sette ho personleg rekord med eit kast som målte 46,84 m. På friidrettsbanen representerte Brenne Idrettslaget Nybrott.

Kjelder endre