Eliteserien i handball 1985/86–Karar

Eliteserien i handball 1985/86 for karar var den øvste avdelinga i seriesystemet for karar, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla i tida frå 18. september 1985 til 16. mars 1986. 7 av laga var heimehøyrande i Stor-Oslo (Oslo og tilgrensande kommunar).

Stavanger Idrettsforening vart seriemeister for aller fyrste gong. Laget bestod av karar som Arild Akerø, Hans Inge Skadberg, Ketil Sævereide, Michael Hald, Jakop Jønsson, Sveinn Bragesson og målvakta Espen Karlsen.

Poengtabell

endre
Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Stavanger IF 22 634-505 36
2 Fredensborg/Ski 22 551-470 34
3 Urædd 22 557-497 33
4 Skien BK 22 572-543 25
5 SK Rapp 22 483-454 23
6 Kolbotn IL 22 465-493 22
7 Kristiansand IF 22 478-490 19
8 Fjellhammer IL 22 488-515 16
9 Stabæk IF 14 498-560 16
10 Oppsal IF 22 445-490 15
11 Nordstrand IF 22 416-467 13
12 Refstad IL 22 448-551 12

Kjelder

endre
  • Sportsboken 86-87. Sportsboken As. Stavanger 1986.