Elizabeth Cady Stanton

Elizabeth Cady Stanton (12. november 181526. oktober 1901) var ein amerikansk suffragist, kvinnesaksforkjempar og antislaveriaktivist. Saman med den nære samarbeidspartnaren sin Susan B. Anthony var ho frå midten av 1800-talet og fram til ho døydde den fremste leiarskikkelsen i den liberale kvinnesaksrørsla i USA.

Elizabeth Cady Stanton
Elizabeth Stanton.jpg
Fødd12. november 1815
Johnstown - by i New York, USA
Død26. oktober 1901 (85 år)
Statsborgar avUSA
PartiDet republikanske partiet i USA
Yrkeskribent, skodespelar, kvinnesaksforkjemper, antislaveriaktivist
Utdanna vedEmma Willard School
MorMargaret Livingston
FarDaniel Cady
EktefelleHenry Brewster Stanton
BarnTheodore Stanton, Harriot Stanton Blatch

BakgrunnEndra

Elizabeth var det tredje overlevande barnet og den andre av dei fem døtrene til Margaret, fødd Livingston, og Daniel Cady (1773-1859). Mor hennar kom frå ein velståande familie med røter i den amerikanske revolusjonen. Far hennar hadde vore oberst i Den kontinentale arméen og vore med ved arrestasjonen av John Andre, ein av dei medsamansvorne tl Benedict Arnold. Daniel Cady var ein framståande jurist og dommar i New York. Han var medlem av New York State Assembly (1808-13) og kongressen (1815-17), og var dommar ved høgsteretten i New York (1847-54).[1]

KvinnesakEndra

Stanton la fram Declaration of Sentiments på kvinnesaksmøtet på Seneca Falls (Seneca Falls Convention) i 1848, som var det første kvinnesaks- og suffragist-initiativet i USA.[1] Ho var president i National American Woman Suffrage Association frå 1862 til 1890.[2] I 1888, 40 år etter møtet i Seneca Falls, arrangerte ho og Susan B. Anthony (1820–1906) ein konferanse som stifta International Council of Women.[3]

Stanton gav mellom anna ut Women's Bible (1895–1898) og sjølvbiografien Eighty Years and More (1898).[1]

Stanton og Anthony, og National American Woman Suffrage Association, var dei store forbilda for Gina Krog då ho i 1880-åra tok initiativ til Norsk Kvinnesaksforening.[4]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Elizabeth Cady Stanton (1815—1902)». Internett Encyclopedia of Philosphy. Henta 3. mars 2019. 
  2. «Elizabeth Cady Stanton» (på tysk). Henta 3. mars 2019. 
  3. «Transnational Women's Movements». EGO European History Online. Henta 3. mars 2019. 
  4. Aslaug Moksnes (1984). Likestilling eller særstilling? Norsk kvinnesaksforening 1884–1913 (s. 52), Gyldendal Norsk Forlag, ISBN 82-05-15356-6

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Elizabeth Cady Stanton
  • [ Offisiell nettstad]