Ellen DeGeneres
Ellen Lee DeGeneres (fødd 26. januar 1958 i Louisiana) er ein amerikansk standupkomikar, skodespelar og talkshowvert.
Ellen DeGeneres | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 26. januar 1958 (66 år) Metairie, Louisiana |
Yrke | skodespelar, arrangementvert, manusforfattar, programleiar, talk-show-vert, TV-produsent, komikar, fjernsynsskodespelar, skribent, filmskodespelar, stemmeskodespelar, LHBT-aktivist |
Språk | engelsk |
Formue | 330 000 000 US-dollar |
Høgd | 171 centimeter |
Politisk parti | Det demokratiske partiet i USA |
Far | Elliott Everett DeGeneres Jr. |
Mor | Betty DeGeneres |
Ektefelle | Portia de Rossi |
Partnar | Anne Heche, Alexandra Hedison |
Nettstad | https://www.ellentube.com |
Ellen DeGeneres på Commons |
Ellen har sidan 2003 hatt sitt eige talkshow, som heiter The Ellen DeGeneres Show. Showet vert mellom anna sendt i Noreg på TV 2 og på TV 2 Bliss.
Frå 1994 til 1998 spelte Ellen i sitcomserien Ellen, som opphavleg hadde namnet These Friends of mine. Ellen hadde hovudrolla som Ellen Morgan. I sesong fire stod rollefiguren Ellen Morgan fram som lesbisk, i episoden som fekk namnet The Puppy Episode. Det same gjorde Ellen DeGeneres, ved å stadfeste på framsida av Time Magazine, at "Yep, I'm Gay!" Serien blei avslutta etter sesong fem, grunna låge sjåartal. I 2001 spelte Ellen DeGeneres i ein ny sitcom, The Ellen Show. Denne serien vart avslutta etter berre éin sesong. Betty White har mellom anna hatt ei gjesterolle i serien.
Ellen har leidd ei rekkje prisutdelingar, mellom anna The Emmy Awards og The Academy Awards og vore meddomar i programma So You Think You Can Dance og American Idol.
Ellen bur i Beverly Hills saman med kona, Portia de Rossi (Portia Lee James DeGeneres), tre hundar og fire kattar. Både Ellen og Portia er veganarar.