Ellinikós Telikós 2012
Ellinikós Telikós 2012 var ein gresk musikktevling som fann stad 12. mars 2012 på kjøpesenteret River West i Aten i Hellas, der vinnaren fekk representere Hellas i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan. Ellinikí Radiofonía Tileórasi kunngjorde 30. januar 2012 at dei ville kutte i kostnadene på grunn av den økonomiske krisa i Hellas.[1] Kringkastaren ville ikkje bruke penger på innspeling og produsjon av songbidraga, og Universal Music Greece var det einaste plateselskapet som aksepterte desse vilkåra.[2]
28. februar 2012 vart Cassiopeia, Dora, Elefthería Eleftheríou og Velvet Fire presentert som dei fire artistane via Ellinikí Radiofonía Tileórasi sin offisielle Eurovision-nettstad, Facebook og Twitter.[3] Vinnarbidraget vart «AphrodisiacAphrodisiac» av Elefthería Eleftheríou, som vart valt med ein kombinasjon av juryrøyster og sjåarrøyster.[4] Etter tevlinga promoterte Eleftheríou bidraget gjennom ein kampanje på Internett.[2]
Finalen
endre# | Artist | Song | Låtskrivar |
---|---|---|---|
1 | Dora | «Baby I'm Yours» | Hush Hush (Franc, Ilias Pantazopoulos), Nektarios Tyrakis |
2 | Cassiopeia | «Killer Bee» | Christos Dantis, Leonidas Chantzaras |
3 | Velvet Fire | «No Parking» | George Samuelson, Leonidas Chantzaras |
4 | Elefthería Eleftheríou | «Aphrodisiac» | Dimitris Stassos, Mikaela Stenström, Dajana Lööf |
Fotnotar
endre- ↑ Kontogiannis, Dimitris (22. august 2012). «Greek cuts to be deeper than trailed» (på engelsk). Financial Times. Henta 7. desember 2014.
- ↑ 2,0 2,1 Toronidis, Theofilos (17. november 2011). «ERT begins preparations» (på engelsk). ESCDaily. Henta 7. desember 2014.
- ↑ Pozzi, Renee (23. februar 2012). «Four entries to be previewed February 28th» (på engelsk). ESCDaily. Henta 7. desember 2014.
- ↑ Staff (10. mai 2012). «Representing Greece is Eleftheria Eleftheriou with the song 'Aphrodisiac'» (på engelsk). British Broadcasting Corporation. Henta 7. desember 2014.