BBC
British Broadcasting Corporation (BBC, norsk 'Det britiske kringkastingsselskapet') er ein britisk radio- og fjernsynskringkastar. Selskapet vart danna i 1927 ved kongeleg dekret frå det tidlegare British Broadcasting Company, og starta den 2. november 1936 opp dei fyrste regulære fjernsynssendingane i verda. Fram til ITV vart oppretta i 1955 hadde BBC monopol på radio- og fjernsynssendingar i Storbritannia.
BBC | |
![]() | |
| |
Selskapsform | Royal Charter, særlovselskap ![]() |
---|---|
Skipa | 18. oktober 1922 |
Dotterselskap | BBC Worldwide, BBC Studioworks, BBC Film, BBC Studios, German Service ![]() |
Bransje | journalistikk, kringkasting, medieindustrien |
Produkt | kringkasting, kringkasting ![]() |
Hovudkontor | London, Broadcasting House ![]() |
Grunnleggjar | John Reith |
Dagleg leiar | Tim Davie |
Tilsette | 22 219 (2021)[1] |
Salsinntekter | 290 000 000 britisk pund (31. mars 2021)[1] |
Omsetnad | 5 330 000 000 britisk pund (31. mars 2022)[2] |
Resultat | 206 000 000 britisk pund (31. mars 2022)[2] |
Nettstad | https://bbc.com |
BBC hadde ei norsk avdeling under andre verdskrigen som hadde sendingar retta mot det norske folket i Noreg, der dei tyske okkupasjonsmaktene hadde sett inn forbod mot kringkasting. Det var òg ulovleg å høyra på radio, men mange gjorde det likevel i løynda.
Programma som blir viste er ofte eit resultat av eigenproduksjon. Selskapet vert av mange oppfatta som eit av dei mest seriøse medieselskapa i verda, med ein nøytral og sjølvstendig synsvinkel. BBC tek på seg rolla som allmennkringkastar i Storbritannia, og norske NRK, i likheit med dei fleste andre eldre fjernsynskanalar i Europa, samanliknar seg difor ofte med BBC. På same måte som NRK vert BBC finansiert med lisensmiddel. Rett nok vert enkelte delar av BBC sitt programtilbod betalt av andre; World Service vert betalt av det britiske utanriksdepartementet. Dessutan har BBC i dei seinare år tent ein del på sin kommersielle del, mellom anna ved sal av DVD-kopiar basert på programma deira.
I Storbritannia vert kanalen ofte kalla The Beeb eller Auntie («tante», fordi kanalen tidlegare var kjent for å ha ein oppdragande stil i mange av sine program).
På fjernsyn Endra
Fjernsynskanalar i Storbritannia Endra
I Storbritannia har BBC eit Public Service-oppdrag. TV-kanalane BBC One og BBC Two blir distribuert via det analoge nettet til heile Storbritannia.
- BBC One
- BBC Two
- BBC Three
- BBC Four
- CBBC
- CBeebies
- BBC News
- BBC Parliament
- BBC HD
- Gaelic Digital Service
Verdsfemnande kanalar Endra
BBC har òg ei omfattande verksemd utanfor Storbritannia. Verksemda internasjonalt blir drive under føretaket BBC Worldwide, som er eit kommersielt føretak. Pengar frå tv-lisensen i Storbritannia går derfor ikkje til desse kanalane.
- BBC Prime (tilgjengeleg på satellitt hjå Canal Digital og i somme kabelnett i Noreg)
- BBC World News (tilgjengeleg på Canal Digital, Viasat, det digitale bakkenettet og i somme kabelnett i Noreg)
- BBC Food (tilgjengeleg på Canal Digital)
På radio Endra
Analoge og digitale Endra
Digitale Endra
I andre land Endra
- BBC Radio Scotland
- BBC Radio nan Gàidheal
- BBC Radio Shetland
- BBC Radio Orkney
- BBC Radio Wales
- BBC Radio Cymru
- BBC Radio Ulster
- BBC Radio Foyle
Lokalradio Endra
Internasjonale Endra
- BBC World Service
- BBC Russian Service
- BBC Arabic
- BBC Spanish
- BBC Persian
- BBC Pashto (www.bbcpashto.com)
Kjelder Endra
- ↑ 1,0 1,1 «BBC Annual Report and Accounts» (PDF). 6. juli 2021. Henta 5. september 2021.
- ↑ 2,0 2,1 https://downloads.bbc.co.uk/aboutthebbc/reports/annualreport/ara-2021-22.pdf; side(r): 214.