Elliptisk galakse

Elliptiske galaksar er ellipseforma galaksar, stort sett jamne i forma og utan særlege visuelle trekk.[1] Elliptiske galaksar er stort sett sette saman av berre eldre stjerner med lite tett gass tilgjengeleg for vidare stjernedanning. I Hubble-serien er elliptiske galaksar skildra utifrå den tilsynelatande forma: frå E0 for dei mest sfæriske galaksane, til E7 for dei mest flate. Storleiken og lysstyrken til elliptiske galaksar varierer mykje; frå dei minste dvergellipsene med 100 millionar stjerner til dei største gigantane med 10 billionar (1013) stjerner. Dynamiske målingar har vist at elliptiske galaksar ofte er triakselle, dvs. dei har tre ulike radiar.

Hubble-bilete av den enorme elliptiske galaksen ESO 325-G004. Galaksen har ein masse på rundt 100 milliardar solmassar.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «elliptical galaxy» i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
  1. «Elliptical Galaxy NGC 1132 - Hubble» - Hubble-pressemelding i samband med teleskopet sitt bilete av den elliptiske galaksen NGC 1132.