Else Bugge Fougner

norsk advokat og politikar

Else Bugge Fougner (fødd 9. november 1944) i Moss er ein norsk advokat og politikar for Høgre. Ho var justisminister frå 1989 til 1990 i regjeringa Syse.

Else Bugge Fougner
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. november 1944 (79 år)
Moss kommune
Yrke politikar, advokat
Politisk parti Høgre

Ho er utdanna cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1971. Med unntak av perioden som justisminister har ho for det alt vesentlege arbeidd i Advokatfirmaet Hjort, der ho er partner. Ho vart høgsterettsadvokat i 1975. Ho har brei erfaring frå sivilrett, strafferett og som rådgjevar for næringslivet, og har hatt ei lang rekkje offentlege verv og styreverv.

Kjelder endre