Else Marthe Sørlie Lybekk
Else Marthe Sørlie Lybekk (fødd 11. september 1978) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Snertingdal i Oppland. Ho debuterte på det norske landslaget i ein kamp mot Tyskland 2. november 1997, og spela sin 215. og siste landskamp i finalen under sommar-OL 2008. Noreg vann OL-gullet etter 34-27 over Russland, Lybekk skåra sju av dei norske måla i kampen, og enda då langdslagskarriera med å ha skåra 598 mål for Noreg. Mellom 1998 og 2008 vann ho to EM-gull, eitt VM- og eitt OL-gull for Noreg, samt to VM-sølv, eitt EM-sølv og ei OL-bronse. Ho var ei tid landslagskaptein.
Else Marthe Sørlie Lybekk | |
Else Marthe Sørlie Lybekk i 2008, i Leipzig-drakt Foto: Jan Daniels
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. september 1978 (46 år) Gjøvik kommune |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000 |
Sørlie Lybekk spela for klubbane Snertingdal, Toten, Nordstrand IF (1997?-2003, 2008-10) og HC Leipzig (2003-10). Sommaren 2010 la ho opp som aktiv handballspelar. Ho bur i Oslo.
Merittar landslag
endre- EM 1998: Gullmedalje etter 24–16 mot Danmark
- VM 1999: Gullmedalje etter 25–24 mot Frankrike
- OL 2000: Bronsemedalje etter 22–21 mot Sør-Korea
- EM 2000: Nr 6 med Noreg
- VM 2001: Sølvmedalje etter 25–30 mot Russland
- EM 2002: Sølvmedalje etter 22–25 mot Danmark
- VM 2003: Nr 6 med Noreg
- EM 2006: Gullmedalje etter 27–24 mot Russland
- VM 2007: Sølvmedalje etter 24–29 mot Russland
- OL 2008: Gullmedalje etter 34–27 mot Russland
Merittar klubblag
endre- 2002: Cupmeister med Nordstrand IF
- 2006: Serie- og cupmeister med HC Leipzig
- 2007: Cupmeister med HC Leipzig
- 2008: Cupmeister med HC Leipzig
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Else-Marthe Sørlie Lybekk» frå Wikipedia på tysk, den 30. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Else Marthe Sørlie Lybekk – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.