Handball under Sommar-OL 2000/Kvinner

Handball under Sommar-OL 2000 for kvinner vart avvikla frå 17. september til 1. oktober 2000 i The Dome i Sydney. Ti land deltok i turneringa: Angola, Austerrike, Australia, Brasil, Danmark, Frankrike, Noreg, Romania, Sør-Korea og Ungarn.

Laga var delt inn i to grupper med fem lag i kvar, der alle laga spelte kamp mot kvarandre. Dei fire beste laga frå kvar gruppe avanserte til kvartfinalar. Noreg vann alle sine fire kampar i gruppespelet, slo Romania suverent i kvartfinalen, men rauk 23–28 mot Ungarn i semifinalen.

Gruppespelet

endre

Gruppe A

endre
# Lag K V U T + MS P
1   Sør-Korea 4 4 0 0 131 100 +31 8
2   Ungarn 4 2 1 1 119 106 +13 5
3   Frankrike 4 2 0 2 90 93 −3 4
4   Romania 4 1 1 2 99 101 −2 3
5   Angola 4 0 0 4 98 137 −39 0

Gruppe B

endre
# Lag K V U T + MS P
1   Noreg 4 4 0 0 101 72 +29 8
2   Danmark 4 3 0 1 124 83 +41 6
3   Austerrike 4 2 0 2 131 90 +41 4
4   Brasil 4 1 0 3 100 133 −33 2
5   Australia 4 0 0 4 59 137 −78 0

Sluttspelet

endre

Kvartfinalar

endre
28. september 2000 Sør-Korea   35–24   Brasil The Dome, Sydney

28. september 2000 Austerrike   28–29 (e.e.o.)   Ungarn The Dome, Sydney

28. september 2000 Frankrike   26–28 (e.e.o.)   Danmark The Dome, Sydney

28. september 2000 Noreg   28–16   Romania The Dome, Sydney

Semifinalar

endre
29. september 2000 Sør-Korea   29–31   Danmark The Dome, Sydney

29. september 2000 Ungarn   28–23   Noreg The Dome, Sydney

Bronsefinale

endre
1. oktober 2000 Sør-Korea   21–22   Noreg The Dome, Sydney
Dommar(ar): Nachevski, Nachevski (MKD)
Oh S-o. 7 (13–12) Grini 7
  4×  1×    3×  1× 

Noreg slo Sør-Korea 22–21 i bronsekampen. Dei norske bronsemedaljørane var Kjersti Grini, flestskårande spelar i heile turneringa med sine 61 nettkjenningar, Heidi Tjugum, Cecilie Leganger, Trine Haltvik, Susann Goksør, Kristine Duvholt, Else Marthe Sørlie, Mia Hundvin, Tonje Larsen, Birgitte Sættem, Marianne Rokne, Monica Sandve, Jeanette Nilsen, Ann Cathrin Eriksen og Elisabeth Hilmo.

Finale

endre
1. oktober 2000 Danmark   31–27   Ungarn The Dome, Sydney
Dommar(ar): Garcia, Moréno (FRA)
Anette Hoffmann 11 (14–16) Radulović 9
  3×    3× 

Finaleoppgjeret stod mellom tittelforsvarar Danmark og Ungarn. Ved pause leia Ungarn 16–14. I den andre omgangen snudde Danmark til 31–27 og firemålstriumf.

Flest mål i kampen skåra danske Anette Hoffmann (11), elles skåra Camilla Andersen (7), kapteinen Janne Kolling og Katrine Fruelund, begge 5, samt Mette Vestergaard, Tina Bøttzau og Lotte Kiærskou kvar sitt mål for Danmark. Karen Brødsgaard og Tonje Kjærgård kom ikkje på skåringslista. Karin Mortensen, Lene Rantala og Rikke Schmidt var målvakter.

Med sine 9 fulltreffarar vart Bojana Radulović toppskårar for Ungarn.

Kjelder

endre