Elva Bora
Bora (Borda) er ei elv i Vinje kommune i Telemark. Elva har utspring på Hardangervidda, og renn gjennom Bordalsvatn og ned til Edland, der ho munnar ut i elva Kjela, like før denne munnar ut i Tveitevatnet.
Bora | |||
elv | |||
Sterk vassføring sommaren 2007
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark, Vestland | ||
Kommunar | Vinje, Ullensvang | ||
Bora 59°47′39″N 7°26′40″E / 59.794053°N 7.444422°E | |||
Wikimedia Commons: Bora (river) |
Kraftutbygging
endreBora er sterkt rørt av kraftutbygginga i elva Tokke på 1960 og -70-talet. Øvre Bora er overført austover til Songavatn og Songa kraftverk. Bordalsvatn er regulert 40 meter og overført sørover til Kjela kraftverk. Ved Venemodammen (703 moh.), rundt 2 kilometer nordvest for Edland, er elva demma opp og overført til Totak, som er hovudmagasin for Vinje- og Tokke kraftverk. Som følgje av dei omfattande overføringane av vatn frå nedslagsfeltet til Bora er den tidlegare elvemunningen ved Edland no stort sett permanent tørrlagt og i ferd med å gro att.