Ica er ei 220 kilometer lang elv i Peru som renn sørover frå høglandet i Huancavelica-regionen til Stillehavet gjennom Ica-regionen og passerer regionhovudstaden Ica.

Den panamerikanske hovudvegen over Ica i den tørre perioden
Sjå òg Ica (fleirtyding)

Elva er til vanleg tørr gjennom store delar av året, men kan flaume opp og gjere store skadeverk som ved katastrofeflaumen i byen Ica i 1998. Ica-dalen har ein gjennomsnittleg nedbørsmengd på 3 mm i året og ein nokso uniform temperatur gjennom året med maksimalt månadsgjennomsnitt på 25°C i februar og eit minimum på 17 °C i juli.

Det naturlege nedslagsfeltet for Ica er 7 711 km², men eit prosjekt som freista å auke og regulere vasstilførsla, Choclococha, har lagt til 392 km².

Kjelder endre