Ica-regionen
Ica-regionen (spansk Región Ica, quechua Ika suyu) er ein region i det sørvestlege Peru med kystlinje mot Stillehavet. Han har grenser mot Lima-regionen i nord, mot Huancavelica-regionen i nordaust, mot Ayacucho-regionen i aust og Arequipa-regionen i sør.

Folkesetnaden var 607 630 i 1996, arealet er 21 305 km². Hovudstaden er byen Ica som har namn etter elva Ica.
Politisk inndeling endre
Regionen er delt inn i fem provinsar.
Provins (hovudstad):
- Chincha (Chincha Alta)
- Ica (byen Ica)
- Nazca (Nazca)
- Palpa (Palpa)
- Pisco (Pisco)
Geografi endre
Denne kystregionen er prega av store ørkenområde stykka opp av frodige dalar som oasar. Dei grøne områda er skapt av elvevatn som kjem ned frå Andes i perioden desember til april. Nokre grøne område er skapt med hjelp frå irrigasjonskanalar.
Utanfor byen Pisco og Paracashalvøya ligg Chinchaøyane som midt på 1800-talet hadde stor økonomisk verd for Peru grunna eksport av guano til Nord-Amerika og Europa. Guanoen vart tatt ut frå øyane. I dag er verksemda lagt ned og øyane er del av eit naturreservat kjent for mangfald i fugleliv.
Både paracaskulturen og nazcakulturen utfolda seg innan grensene for Ica-regionen. På regionmuseet i Ica kan ein sjå døme på den mest særeigne arv frå desse kulturane, tekstilkunsten. I tillegg finst fin keramikk frå nazca.
Kjelder endre
- Ica (Region) Tilsvarande wikipedia-artikkel på tysk
- Rob Rachowiecki, Peru, 3. opplag, Lonely Planet (1996)