For andre tydingar av oppslagsordet, sjå elva Lys i Italia.

Lys (nederlandsk Leie) er ei elv i Frankrike og Belgia, og ei av sideelvene til Scheldt frå venstre. Ho har sitt utspring i Pas-de-Calais i Frankrike, og munnar ut i elva Scheldt i Gent i Belgia. Den totale lengda hennar er 202 km.

Lys
elv
Lys i Gent
Land  Belgia,  Frankrike
Lengd 202 km
Kjelde Pas-de-Calais
 - høgd 115 moh.
Munning Scheldt
Kart
Elva Lys
50°47′22″N 3°07′06″E / 50.789444444444°N 3.1183333333333°E / 50.789444444444; 3.1183333333333
Wikimedia Commons: Lys

Lys er ei svært forureina elv på grunn av mange innbyggjarar og industriområde i Nord-Frankrike og Belgia. Historisk var Lysdalen kjend for spinning og veving av lin. Området ved Lys mellom Deinze og Gent var ein populær stad for målarar den første halvdelen av 1900-talet.

Kjelda til Lys er nær landsbyen Lisbourg, aust for Fruges, i Pas-de-Calais departmentet i Frankrike. Ho renn hovudsakleg nordaustover gjennom følgjande område:

Kjelder endre