Elva Maine
Maine er ei elv i departementet Maine-et-Loire i Frankrike, og ei av sideelvane til Loire. Elva er berre 12 km lang, og oppstår der elvane Mayenne og Sarthe renn i hop nord for Angers. Ho renn gjennom denne byen og munnar ut i Loire sørvest for Angers.
Maine | |||
elv | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 22 194 km² | ||
Lengd | 12 km | ||
Middelvassføring | 128 m³/s | ||
Kjelde | Sarthe og Mayenne | ||
• høgd | 25 moh. | ||
Munning | Loire | ||
Elva Maine 47°29′35″N 0°32′32″W / 47.4931°N 0.5422°W | |||
Wikimedia Commons: Maine River (France) |