Opna hovudmenyen

Maine-et-Loire

franske departement
Maine-et-Loire
Våpenskjoldet til Maine-et-Loire
Plassering
Plasseringa til Maine-et-Loire i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 49
Region: Pays de la Loire
Préfecture: Angers
Sous-préfectures: Cholet
Saumur
Segré
Arrondissement: 4
Kantonar: 41
Kommunar: 363
Président du conseil général: Christophe Béchu
Statistikk
Folketal Rangering 26.
 -1999 723 942
Folketettleik: 102/km²
Landareal¹: 7 166 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Maine-et-Loire er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Pays de la Loire, og er kalla opp etter den tidlegare provinsen Maine og elva Loire.

HistorieEndra

Maine-et-Loire er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Opphavleg vart departementet kalla Mayenne-et-Loire, men namnet vart endra alt i 1791. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Anjou.

GeografiEndra

Departementet er i dag ein del av regionen Pays de la Loire og grensar til departementa Ille-et-Vilaine, Mayenne, Sarthe, Indre-et-Loire, Vienne, Deux-Sèvres, Vendée og Loire-Atlantique.

Departementet har eit variert landskap med skogkledde åsar i sør og i nord med dalen til elva Loire i mellom. Det høgaste punktet er Colline des Gardes på 210 meter.

Området har mange framkommelege elvar som Loire, Sarthe, Mayenne, Loir og Authion.

DemografiEndra

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Angevins etter den tidlegare provinsen Anjou.

TurismeEndra

Ryttarane av Cadre Noir i Saumur, slotta i Loiredalen og det kongelege klosteret Fontevraud med Plantagenetgravene er alle store attraksjonar.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maine-et-Loire