Elva Ticino
Ticino (tysk Tessin; latin: Ticinus) er ei elv i Sveits og Italia, og ei av sideelvane til Po frå venstre. Ho spring ut frå St. Gotthard-massivet i Sveits og renn gjennom Lago Maggiore. Ticino munnar ut i Po eit par kilometer nedanfor Pavia og har ei lengd på 248 km.
Ticino | |||
elv | |||
Ticino og den gamle brua i Pavia
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 598 km² | ||
Lengd | 248 km | ||
Middelvassføring | 350 m³/s | ||
Kjelde | St. Gotthard-massivet nær Nufenenpasset i Sveits | ||
Munning | Po, søraust for Pavia i Italia | ||
Elva Ticino 46°28′30″N 8°25′00″E / 46.475°N 8.4166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Ticino river |
Elva er demt opp i Sveits for å nyttast i eit kraftverk, medan ho i Italia stort sett vert nytta til vatning.
Elva har gjeve namn til kantonen Ticino i Sveits.
Byar langs Ticino
endre- Sveits: Airolo, Bellinzona og Locarno (ved Lago Maggiore).
- Italia: Stresa (ved Lago Maggiore), Vigevano og Pavia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ticino River frå Engelsk Wikipedia .